Volda med kalassiger

Volda sine handballdamer i 1. divisjon vann 30-14

Volda vann på heimebane søndag. Dette er frå ein tidlegare kamp.  Foto: Patrick Aguilera

New Articles

Motstandar var Viking, men det viste seg å bli lett match for Volda-damene heime i Voldahallen søndag.

Gjestane hang med første halvdel av første omgang, men så tok Volda laust, og kunne gå til pause med 17–7.

Alle spelarane på Volda kom på scoringslista, inkludert keeper Hilde Søyseth, som scora heile tre gongar.(!)

Volda-laget ligg no på tredjeplassen på tabellen i 1.divisjon.