Psykisk helse

Markerte verdsdagen i Ørsta

Verdsdagen for psykisk helse vart markert i gågata i Ørsta.

Markering av verdsdagen for psykisk helse i Ørsta  Foto: Privat

Stig Ulv spelte gitar.  Foto: privat

New Articles

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse.


Mariann Humberset

– Glad for å hjelpe andre med psykiske vanskar

– Det er kjekt å vere med på verdsdagen for psykisk helse. Viss eg kan hjelpe nokon, vert eg glad.

 

Viketunet, lokallaget av Landsforeninga for pårørande (LPP) og Ørsta Kommune hadde gått saman om markeringa i Ørsta, som vart lagt til gågata. Men også Småjobbsentralen og Ørsta Handelsforening var involvert i markeringa.

Målet er å gjere det like lett å snakke om folk si psykiske helse som den fysiske – og å auke kunnskapen om psykisk helse.

Det samla seg ein god del folk i gågata onsdag ettermiddag.

Underhaldninga stod mellom andre Stig Ulv for.