To førarkortbeslag

To bilførarar miste førarkortet etter ein kontroll i Ørsta onsdag kveld.
New Articles

Politiet melder om to førarkortbeslag i Ørsta onsdag kveld.

Det var Utrykkingspolitiet som hadde kontroll i ei femtisone på E39 i Ørsta.

Ein bilførar hadde 89 km/t i femtisona, noko som resulterte i førakortbeslag. Ein annan bilførar hadde 67 km/ i femtisona. Det medførte tre prikkar på førarkortet, og då ein sjekk synte at han hadde fem prikkar frå før, vart det også der beslag.