Rådmannen vurderer ulempene for ålmenne verdiar med ei utbygging av Nøvedalselva som større enn fordelane av inntekter til fallrettseigar og fornybar energi. Det vert synt til at både Sætreelva og Fladalselva alt er bygde ut, og at Nøvedalselva er eit svært eksponert vassdrag med stor verdi for friluftsliv og landskap.

Småkraft

Det er Småkraft AS søkjer om konsesjon om løyve til å utnytte fallet i Nøvedalselva ved Standal til bygging og drift av eit elvekraftverk. Søknaden gjeld frå høgdekote 375 ned til 60 meter over havet, og er i søknaden utrekna til å kunne gje ein årleg produksjon på ca 12,2 GWh.

Det vert søkt sprengt ut eit basseng og etablert ein betongterskel på 10-15 meter lengde i 3-4 meters høgde som inntak ved kote 375, som vil gje ein dam på ca 200 kvm/ 800 kbm. Det er også planlagt å føre vassføringa frå ein sidebekk over til inntaksbassenget i Nøvedalselva. Frå inntaksbassenget er planen å etablere ei røyrgate med indre diameter 500 mm i ei lengde på 1050 meter ned til planlagt kraftstasjon ved kote 60. Øvste halvdel er planlagt etablert med retningsstyrt fjellboring, medan neste del av røyrgata skal gravast ned.

Det er planlagt å etablere ein mellombels anleggsveg på ca 700 meter opp til høgdekote 200 for tilkomst og riggområde for tunnelboring i øvre del av traseen. Masser frå tunellboringa skal køyrast til og deponerast i massetaket til Standal knuseverk.

Tilkomst til kraftstasjon er planlagt med ein 40 meter ny tilkomstveg og avløpet med ei ny plastra grøft attende til nedre del av Nøvedalselva like før samløpet med Sætreelva. Kraftstasjonen er tenkt knytt til eksisterande 22 kV nett via ein 300 meter lang jordkabel som etter planen skal gravast ned og sikrast under Sætreelva. Det ligg ikkje føre nokon skisser av kraftstasjonen enno, men det er omtala at den skal utformast etter Småkraft sin standard stasjonstype.

Sal

Søknaden gjeld produksjon for sal og er ikkje avgrensa til eige behov innan tradisjonelt landbruk og krev handsaming som dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplan for Standal.

- Ei utbygging som omsøkt vil flytte grensa for menneskeskapte inngrep og redusere eit inngrepsfritt naturområde i fjella mellom Standalsdalen og Bondalen for inngrepsfrie naturområde, seier miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik i kommunen. Han  har utarbeidd saka på vegner av rådmannen.

Det vert vist til at det i naturbasen er registert ein regionalt viktig naturtype av nordvendte kystberg og blokkmark langs Nøvedalselva frå høgdekote 200 til ca 450 moh.

- Lokaliteten har fått verdi B (viktig) på grunn av at den har funn av ein sjeldan raudlista art som praktdraugmose, som her er nær si nordgrense.  Innan det same området ovanfor samløpet med sidebekk frå vest er det i rapporten for biologisk mangfald registert snerpstjernemose. Begge  artane er raudlista og nær trua, og avhengig av fuktige leveområde langs våte myrer eller elvar/fossar med god vassføring, skriv Selbervik.

Han viser til at naturlege elveløp også er ein naturtype som er raudlista som nær trua grunna fordi mange elvar har vorte bygde ut eller førebygde og det opphavelege elvemiljøet då vert vesentleg endra.

Vipe

- I artskart er det eit eldre samlepunkt med observasjonar av fleire raudlista artar som vipe, stær, gauk, bergirisk, ærfugl, fjellrype, lirype, fiskemåke, sandsvale og taksvale. I pågåande viltkartlegging er område aust for Nøvedalselva frå ca 400 meter og oppover vurdert som eit viktig leveområde for fjellrype. Det er omtala observasjon av fossekall under feltarbeidet og vassdraget si utforming med fossar og stryk gjer at elva bør vere eigna for arten. Næraste kjende hekkelokalitet er likevel i Sætreelva (hovudelva), skriv Selbervik.

Nøvedalselva renn ut i Sætrelva ca 200 meter nedanfor vandringshinderet for anadrom fisk. Det er elles aure også ovanfor oppgangshinderet i Sætreevla og utsett aure i Storevatnet og Grønvatnet, nedbørsfeltet til Nøvedalselva.  Det vert også vist til at det er relativt stor ørret i Nøvedalselva.

- I samband med handsaming av fleire søknader om småkraftverk langs Hjørundfjorden i 2012 vart det utarbeidd ei samla vurdering av vassdraga sin inntrykksstyrke, landskapseffekt og konsekvens for fjordlandskapet av utbyggingar. Nøvedalselva vart då vurdert å vere av vassdraga med størst inntrykksstyrke. Med sine fossar og styrk er elva svært eksponert frå bygda og fjorden. Ved handsaming av Dalegjerdet kraftverk i Fladalselva skreiv også NVE i si handsaming: «Nøvedalselva er langt meir eksponert og i større grad enn Fladalselva eit blikkfang i dalen», skriv Selbervik vidare.

Turstig

- I høve friluftsliv er det i temakart for friluftsliv til kommuneplanen sin arealdel markert ein nasjonalt viktig turstig langs Nøvedalselva med overgang til Bondalen. Det var også lagt vekt på å sikre uhindra tilkomst til denne turstigen i reguleringsplanen for Standal massetak, heiter det i saksutgreiinga.

Det aktuelle området skal også ha skredfare.

- Heile arealet er vurderert som aktsomheitsområde for snøskred og steinsprang. Øvre del er også registert av NGU som losneområde for snøskred. Det er også registrert skred langs nedte del av vassdraget i kommunen si oversikt over kjende skredhendingar, skriv Selbervik.

Kommunen har vorte kontakta av ein av grunneigarane som er oppgitt i søknaden å ha inngått avtale om grunn og fallrettar.

- Vedkomande tilbakeviser dette og har også meldt i frå til søkjar om at dette er feil. Kommunen har også vorte kontakta av ein annan som har setrerett i det aktuell området og ikkje har vore spurd. Slike privatrettslege forhold burde vore avklara før kommunen og andre partar legg arbeid i handsame søknaden. Vi har gitt NVE attendemelding om dette, skriv Selbervik.

Grunngjevinga for søknaden er eit ønskje om å utnytte den lokale ressursen som ligg i vasskraftpotensialet i elva. Det vert her synt til at ei utbygging vil gje inntekter til eigarane, grunnlag for lokal anleggsverksemd, skatteinntekter til kommunen og bidra til kraftforsyninga i landet med fornybar energi. Det vert vidare argumentert for at ei utbygging vil gjere det lettare å drive jordbruk og sikre busetting på Standal.

- Ørsta kommune er ein netto krafteksportør. I følgje den lokale energiutgreiinga frå 2011 vert det årleg produsert om lag 421 GWh i eit normalår. Det har sidan vore bygd ut fleire småkraftverk. Det samla energiforbruk var på same tid 240 GW. I fylket er det derimot energiunderskot på grunn av kraftkrevjande industri og vi er avhengig av overføring frå andre delar av landet. For fallrettseigar vil ei utbygging gje inntekter. Det er derimot svært usikkert i kva grad ei eventuell utbygging vil bidra til framtidig busetjing og drift lokalt, skriv sakshandsamaren.

Konklusjon

Det vert konkludert med at ei utbygging av Nøvedalselva vil ha store negative konsekvensar for ålmenne interesser som landskap, natur- og friluftsliv, og vere uheldig i høve vedteken satsing på turisme og reiseliv som framtidig leveveg og næringsgrunnlag i og langs Hjørundfjorden.

-  Inntakt natur med levande vassdrag og fossar som den eksponerte Nøvedalselva er her svært viktig. Etter vår vurdering lyt omsynet til ulempene for ålmenne verdiar her vege tyngre enn 12,2 GWh fornybar energi og ønskje om inntekter til fallrettseigarane, heiter det i tilrådinga frå rådmannen.

Formannskapet skal handsame saka komande tysdag.