Det var klokka 11.30 at ein bil med to personar i køyrde utfor vegen sør for Festøya. Bilen er norskregistrert, men det var to utanlandske statsborgarar om bord. Den eine personen var uskadd etter utforkøyringa, medan den andre klaga over smerter i brystet. Dei to vart undersøkt og tekne hand om av helsepersonell på staden.