Det vart slått trippelalarm med brann, ambulanse og politi då ein lastebil hamna i grøfta ved Rysteneset på Vartdalsstranda i 16.30-tida onsdag.

Ifølgje politiet var det ei punktering på eitt av hjula som førte til at lastebilen kom i ubalanse og hamna utfor vegskuldra. Der heldt bilen fram omtrent femti meter, før han stogga halvvegs oppe på europavegen. Det var to personar i bilen, som begge slapp unna utan skadar. Dei melde sjølv frå om uhellet.

Det vart sett opp trafikkdirigering forbi lastebilen.