Dette var oppmodinga frå fungerande ordførar Karen Høydal då ho fredag la ned roser ved minneskulpturen i Laguneparken.

I år er det sju år sidan det brutale åtaket på regjeringskvartalet og sommarleiren på Utøya. I Ørsta vert det markert kvart år, for å aldri gløyme kva som skjedde – og tenkje over korleis ein kan unngå liknande handlingar i framtida.

– Mange kjenner framleis på kroppen timane og dagane av det som skjedde med angst, smerte, frykt og sorg. Dei har vanskar med å kome i arbeid eller halde fram med studiane sine. Men, vi ser også at fleire meistrar å leve med tankane og engasjerer seg for å motverke ekstreme haldningar, og for å unngå at slik terror skal skje igjen, sa Høydal.

Skulpturen i Laguneparken er sett opp til minne om Guro Vartdal Håvoll, som miste livet på Utøya den 22. juli 2011.

– Guro var ein engasjert 17-åring som ville vere med å forme samfunnet ved å arbeide politisk. Det er så unødvendig at ho måtte avslutte livet så brått, sa Høydal.