Då dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, torsdag føremiddag la ned blomar ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum, var det samtidig ei markering av at Dei Nynosrke Festspela har starta.

Og med det ei fire dagar lang feiring av den nynorske skriftkulturen. Øvereng tok i talen ved bautaen føre seg mangelen på noko. For festspeldiktar Marit Eikemo sin del mangelen på levande setningar – og folk i setningane i boka «Samtidsruinar», medan det for Ivar Aasen sin del handla om mangelen på eit skriftspråk.

- Ivar Aasen gjorde det mogleg å fylle dei levande setningane med ord som går rett til hjartet, slo Øvereng fast.

Resten av historia til aasen kjenner vi – eller vi burde i alle fall gjere det.

Både fylkesmann Lodve Solheim og nyslått ridder, direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum, var til stades ved blomenedlegginga der også ein flokk trufaste interesserte møtte opp.

For dei festspelinteresserte er årets program som ei nynorsk konfektøske: 10 konsertar, 14 samtalar og åtte barnearrangement. Foredrag, arrangement i sentrum og mykje meir. Festspela vil gå føre seg på 19 eksterne arenaer, i tillegg til alt som skal skje i Aasen-tunet. Og det varer til søndag.