Janicke Westlie Driveklepp frå Volda vert økonomidirektør i Havila Kystruten AS. Ho er siviløkonom, har mellom anna vore økonomisjef i Scana Volda og er i dag økonomisjef i Vartdal Plast.

- Kystruta står framfor ei spennande reise. Eg ser fram til å starte på oppgåvene som skal til for å starte opp i 2021 og utvikle selskapet vidare slik at det blir solid og veldrive, seier Driveklepp.

Havila Kystruten AS har også tilsett Arild Myrvoll som administrerande direktør. Per Sævik i Havila Holding fortel i ei pressemelding at det har vore stor interesse for leiarstillingane i Havila Kystruten AS, og at ei rekke godt kvalifiserte personar har vore inne til intervju.

- Og no har vi fått på plass to veldig gode kandidatar som skal ta leiinga for kystruta. Dei skal vere med på å arbeide fram ein heilt ny organisasjon for ein ny og spennande aktivitet, seier Sævik.

Den som skal stå øvst på brua og styre Havila Kystruten er Arild Myrvoll. Han er utdanna statsautorisert revisor, har lang fartstid som finansdirektør og administrerande direktør i Rem Offshore ASA og er i dag administrerande direktør i Rem Maritime.

Starten på eit nytt eventyr

Arild Myrvoll seier han ser fram til å få vere med på å bygge opp eit slikt selskap. Han ser både utfordringar og store moglegheiter i Havila Kystruten.

- Satsinga er starten på eit nytt eventyr, og eg blir trigga av potensialet som ligg i selskapet, seier Myrvoll.

Per Sævik er trygg på at dei no har fått gode folk om bord.

- Den erfaringa dei har frå administrasjon, finans og økonomi i ulike typar selskap, og den breie kompetansen dei sit på, vil vere viktig når ein no skal bygge opp eit nytt selskap og ei ny drift, seier Sævik.

500-600 sjøfolk

I april vart det kjent av Havila Holding fekk fire av dei elleve rutene som skal trafikkere kysten frå 2021. Det vart inngått ei ti-årskontrakt med staten der ein har forplikta seg til daglege avgangar frå 34 hamner gjennom heile året.

Kontrakten inneber at det skal byggast fire nye kystruter og ein ny organisasjon med 20-30 tilsette i administrasjonen og 500-600 sjøfolk.

Då samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kunngjorde kontrakten sa han det var gledeleg at eit norsk reiarlag har lykkast å nå opp i konkurransen med Hurtigruten AS.

- Vi har tillit til at Havila-konsernet som har lang erfaring med bygging og drift av store skip og med sjøtransport lang kysten, vil gi dei reisande ei god oppleving.

Havila Kystruten AS er ein del av Havila Holding si satsing på reiseliv der ein også har eigarskap i tre hotell på Nordvestlandet, passasjertransport og hotell på Færøyane, turisttrafikk med «The Fjords», turistferjer via Fjord1 og flytransport i Widerøe.