- 8.-10. juni brakar det laust med den åttande Austefjordhelga på Fyrde. Fredag 8. juni er det storkonsert med Dance With A Stranger og Sunnmøre Baarelag, fortel Vibeke Sundal i styret i Austefjordhelg.

Dance With A Stranger, med Frode Alnæs i front, var for nokre år tilbake eit av dei heitaste banda i landet med ei rekkje fengjande hitar. Sunnmøre Baarelag er som dei fleste kjenner nynorskband nummer ein - og vel så det.

Laurdag 9. juni er det ope Austefjord Museum, kafe på Samhald og hoppeslott. Det vert også familiedag på Vollane forballbane med mykje og variert program.

- Om kvelden vert det bålkos og dans på Øyra om kvelden med Bumpy Roads frå Dalsfjorden, fortel Sundal.

Søndag 10. juni vert det utegudsteneste på Kvivssetra med  salg av rømmegraut, kaker og kaffi.

Sundal og arrangørnemnda ønskjer alle vel møtt til ei triveleg helg.