Publikum leverte allsong med trønderrock-kongen Terje Tysland. Og dei ropte og song saman med Ørsta sine vassendgutar.

- Ein ny vellykka kveld for den årlege dansefesten i Kiwihallen. Alt gjekk føre seg slik vi ønskte.

Slik oppsummerer dagleg leiar i Ørsta Fotball, Arnstein Sandvik, stordansen med Terje Tysland og Vassendgutane laurdag kveld.

Mellom 1.300 og 1.400 personar løyste billett, og det er litt mindre enn siste åra. Ein god del av gjestene kom utanfrå, også frå Trøndelag og Nordfjord og her i distriktet. Elles var det mange unge som gjesta Kiwihallen. Arnstein Sandvik trur det er fleire årsaker til at det denne gongen kom litt færre på stordansen.

- Sunnmørstreffet vart arrangert same helga, og dei hadde sitt eige opplegg på Hotell Ivar Aasen laurdag. Det har dei hatt same helga i fleire år, så vi klandrar sjølvsagt ikkje dei.  I tillegg var veret strålande, noko som kan slå begge vegar. Og så var det finale i Champions League der Liverpool tapte mot Real Madrid. Det finst mange Liverpool-suporterar i Ørsta. Hadde Liverpool vunne finalen, trur eg nok det kunne ha kome kanskje hundre fleire på dansen, vurderer Sandvik.

Dei skal no evaluere arrangementet.

- Uansett vert det stordans i Kiwihallen også neste mai, lovar Sandvik.

350 i sving

Han er godt nøgd med gjennomføringa av arrangementet som er eit stort løft for fotballgruppa. Rundt 350 personar, dei fleste foreldre til spelarar i Ørsta Fotball, var med på dugnaden både med førebuingar, gjennomføring og rydding.

- Dei la ned ein kjempeinnsats, rosar Sandvik.

Stordansen i Kiwihallen er fotballgruppa i Ørsta Il sitt viktigaste bidrag for inntekter til å drifte Kiwihallen. Då vi snakka med Arnstein Sandvik søndag, hadde dei ikkje oversikt over den økonomsike biten.

Terje Tysland med band gjekk først på scena i Kiwihallen. Sjølv om det då var romsleg framfor scena, leverte Tysland varene der han hadde med seg eit stjernelag av trønderske musikarar, som mellom anna gitarist Daniel Kristiansen Viken, sonen til nyleg avdøde Frode Viken i DDE. Tysland sin pianist, Terje Grande, har spelt for mellom anna Åge Aleksandersen og DDE. Bandet leverte eit komp av klasse, og ihuga Tysland-fans stod liimte til scenekanten.

Det auka med publikum etter kvart, og då Tysland drog nokre av dei største hitane som "Gutta på by'n" – og ikkje minst "Heile livet"  - kom allsongen. Folk kunne teksten utanatt. Og då kokte det.  Og innimellom det heile viste Terje Tysland at han framleis er ein gitarist av klasse.

Ny plate

Det var likevel tydeleg at det var Vassendgutane fleirtalet kom for å høyre. Sindre Aam og Co baud på heile den nye plata som inneheld typiske Vassendgutane-låtar som "Pisse bakom nåva", "Bevernylonjakke og thights", "Sirup og Snus" og tittelsporet "MeToo". Og folk likte det dei fekk, for stemninga var høg, veldig høg - og folk svinga seg slik at cowboyhattane nesten flagra ut i den svale sommarnatta.

Stemninga var som vanleg god når Vassengutane heldt konsert i Kiwihallen. Foto: Roy-Arne Folkestad