Sunnmørsposten smp.no Volda sanitetslag aksepterer ikkje at Tomteservice trekte seg frå handelen og har saksøkt selskapet.

I Søre Sunnmøre tingrett krev dei at selskapet betaler 4,9 millionar kroner, renter og sakskostnader til sanitetslaget.

Brev frå kommunen

Sentralt i saka er eit brev sendt frå Volda kommune, der det kjem fram at eigedomen er aktuell for nytt hovudreinseanlegg. Tomteservice hevdar dei verken visste om planane eller brevet, medan både sanitetslaget og eigedomsmeklaren hevdar dette har vore kommunisert munnleg. Det blir også understreka at det heller ikkje var vedtak eller framlegg til vedtak om reinseanlegg på tomta.

– Vi hadde aldri lagt inn bod, viss vi hadde visst om brevet frå kommunen, forklarte Einar Holsvik i Tomteservice og viste til at marknadsverdien ville bli redusert av eit reinseanlegg.

Tidlegare leiar i Volda sanitetslag, Annie Sandvær, sa i si vitneforklaring at Holsvik fekk opplyst dette, men at han sa «Dette får vi ta når den tid kjem», noko også eigedomsmeklaren som var med på møtet stadfesta.

Holsvik på si side forklarte at det var sagt i samband med spørsmål om tilknyting til kommunale leidningar.

– Det var ikkje sagt noko om hovudreinseanlegg, sa han.

Heilt sjokkert

Holsvik forklarte at han først fekk vite om kommunen sine planar då ein tidlegare kollega kom inn på kontoret den dagen dei skulle overta eigedomen.

Han ringde då straks eigedomsmeklar og fekk vite om brevet.

– Då reagerte eg. Eg las brevet og vart heilt sjokkert, sa

Holsvik og la til at sjølv om eit profesjonelt selskap ikkje greier å få innsyn i alt.

Tomteservice heva avtalen fordi dei meiner seljar har misleghalde opplysningsplikta si.

Sanitetsleiar Sandvær forklarte at ho var heilt knust etter at kjøparen trekte seg.

Jonny Kragset, fagansvarleg i Kragset Eigedomsmekling heldt i si forklaring fram at eigedomen er selt som han er – eit sanitetshus.

– Vi har gjort jobben vår med undersøkings- og opplysningsplikt, sa Kragset og la til at å synse om moglege planar ikkje er eigedomsmeklar si oppgåve.

Han oppfatta kommunen som interessent. Brevet kunne identifisere ein mogleg bodgjevar, noko ein ikkje ønskte.

– Vi har aldri før opplevde noko liknande, at kommunen går inn og forskotterer planar på denne måten, sa Kragset og viste til at selskapet har selt 1200 eigedomar og aldri før vore i rettssalen.

Ville bygge leilegheiter

Området er i kommunedelplan i dag sett av til bustadformål og delvis til friområde. Holsvik forklarte i retten at dei såg føre seg å byggje leilegheiter der, på eit attraktivt område med fjordutsikt, like ved sentrum.

Også takstmann Ottar Skare vitna i retten måndag. Taksten for eigedomen var utarbeidd i 2014. Det står ikkje noko om planar om reinseanlegg.

– Ein takstmann kan ikkje kryssforhøyre kommunestyrerepresentantar. Eg prøver å få fram opplysningar som er kjende, sa Skare som meiner det er lett å tenkje seg kommunen her såg eit høve til å skaffe seg ei billig tomt.

Saka er først publisert i på smp.no