Austral Fisheries vel Brunvoll sin utstyrspakke til verdas første kombinerte trål-, line- og teinefartøy.

Brunvoll har signert kontrakt på framdrift-, manøvrering- og kontrollsystem med Baatbygg AS for ein fiskebåt for kombinert trål-, line- og teinefiske. Fiskebåten som er designa av Skipskompetanse AS er til reiarlaget Austral Fisheries, Australia. Leveransen frå Brunvoll skal skje innan tredje kvartal 2019.

- Brunvoll er stolte ove å bli valt som leverandør til Austral Fisheries sin nye fiskebåt, som reiarlaget omtalar som eit banebrytande prosjekt med miljøvennlege og framtidsretta løysingar, seier Roar Slotsvik i Brunvoll Group i ei pressemelding.

- Reiarlaget sine behov og Brunvoll sine fleksible hybrid framdriftsløysingar passar som hand i hanske for å kunne optimalisere krava reiarlaget har til miljø, tryggleik og redundans, held han fram.

Brunvoll har frå før gode erfaringar frå samarbeid med både Baatbygg, Skipskompetanse og Austral Fisheries frå tidlegare leveransar og ombyggingsprosjekt.

Austral Fisheries legg stor vekt på berekreftig fiske og miljøvennleg drift frå skip og framdriftssystem. Systemleveransen frå Brunvoll er eit gir- og cp-propellanlegg med dyse, tunnel thruster, ror og styremaskin, naudtelegrafsystem og komplett kontrollsystem.

For spesielt interesserte: Propellanlegget er eit hybrid twin-in-single-out gir med far/son kombinasjon av to dieselmotorar som køyrer flytande frekvens, og ein elektromotor for diesel-elektrisk driftsmode. Brunvoll skriv i pressemeldinga at systemet gir god fleksibilitet og høg grad av redundans med drift frå tre moglege motorløysingar. Anlegget er førebudd for installasjon av eventuell batteripakke for ytterlegare fleksibilitet og optimal drift.