Ordførar Stein Aam har sendt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet Ved statsråd Monica Mæland der han skriv at både Ut frå både faglege og politiske argument må den tilrådde

Grensejusteringafor området Bjørke  ikkje vedtakast.

Ørsta kommune skal møte departementet den 14. mai i samband med saka om grensejustering der statsråden har siste ordet. Ørsta-ordføraren meiner kommunen har gode argumnet for at Bjørke og Viddal framleis skal vere ein del av Ørsta kommune.

- Dette er ei sak med store konsekvensar for einskildpersonar og framtidig tenesteyting. Ørsta kommune har som del av

saksførebuinga gjort greie for alle faktiske tilhøve og konsekvensar, og har vist til at 18% av landarealet ikkje er ei lita justering, seier Aam i brevet.

Etter at fylkesmannen la fram si tilråding har Ørsta kommune sett seg nødd til å innhente juridisk kompetanse, og har hyra inn ei vurdering frå Advokatfirmaet Lund og Co.

- Dei påpeikar for det første at innbyggarhøyringa skal tilleggast langt større vekt og viser til at fylkesmannen sine vurderingar på dette punktet kan vere i strid med inndelingslova sitt formål. Det andre dei påpeikar er at saksutgreiinga knytt til økonomiske konsekvensar er mangelfull og at enkelte stader er det også lagt uriktige opplysninger til grunn, seier Aam.

Han minner om at kommunereforma har hatt som mål å skape meir robuste kommunar.

- Konsekvensane av tilrådinga frå fylkesmannen ivaretek ikkje denne målsettinga. Regjeringa har vidare lagt opp til at samanslåingar skal vere frivillige. Ein opplever at fylkesmannen gjennom si tilråding prøver å «tvinge» Ørsta kommune til ei samanslåing med Volda. Ei grensejustering no vil i staden vere negativt for samarbeidet mellom Volda og Ørsta kommunar langt inn i framtida, seier Ørsta-ordføraren.

Han gjer det klart at Ørsta kommune ønskjer å vere ein aktiv part i neste fase av kommunereforma.

- Det er godt samarbeid mellom dei sju kommunane på søre sunnmøre, og ein «modningsprosess» knytt til

nye samanslåingar er i gong, seier Stein Aam i brevet til statsråden.