Her er den nye leiargruppa i Volda

Onsdag 9. mai hadde leiargruppa for Nye Volda sitt aller første møte.

Frå venstre: Kommunalsjef oppvekst: Per Ivar Kongsvik, økonomisjef: Kari Mette Sundgot, assisterande rådmann: Ann Kristin Langeland, rådmann: Rune Sjurgard , kommunalsjef, helse og omsorg: Svein Berg Rusten, personalsjef: Berit Lyngstad  Foto: Joakim Rødven, Volda kommune

New Articles

Volda bur seg til samanslåing med Hornindal og har fått ny administrative hovudstruktur

- Prosjektleiaren , som er rådmannen, har no innplassert personar i alle posisjonane, med unntak av kommunalsjef for samfunnsutvikling som vil verte lyst ut eksternt, skriv Volda kommune på sine heimesider.

Den nye leiargruppa til rådmannen frå 1. januar vil derfor bli sett saman av følgjande personar:

  • Rådmann: Rune Sjurgard (vedteken i Fellesnemnda)
  • Assisterande rådmann: Ann Kristin Langeland (vedteken i Fellesnemnda)
  • Kommunalsjef, Helse og omsorg: Svein Berg Rusten
  • Kommunalsjef, Oppvekst: Per Ivar Kongsvik
  • Kommunalsjef, Samfunnsutvikling: vert avgjort i løpet av hausten…
  • Økonomisjef: Kari Mette Sundgot
  • Personalsjef: Berit Lyngstad

- Denne leiargruppa vil no mellom anna starte arbeidet med å organisere sektoren/avdelinga si som skal vere gjeldande frå 2020. Dette arbeidet skjer i tillegg til det ansvaret dei har i si respektive kommune i dag, står det på kommunen sine heimesider.