Møre-Nytt sin journalist vann kåringa med "motbakkespesialisten, eit foto av Andreas Skylstad, som vann løpet Saksa opp i fjor haust.

"Juryen meiner at dette fotografiet har ei sterk visuell kraft, og at det trekkjer ein rett inn i den luftige opplevinga av å skode ut over fjell og fjord frå bratt høgde", står det i grunngjevinga.

Resten av grunngjevinga: "Vi kunne ynskje at vi fekk sjå litt meir av andletet til utøvaren, men på den andre sida står fotografiet fram som direkte og spontant – verken arrangert eller iscenesatt. I så måte lever det opp til det klassiske synet på gode reportasjefotografi. Både husa ved sjøen og hurtigruteskipet er med på å skape djupn, og skipet styrkar også komposisjonen og forsterkar den visuelle krafta. Dette er eit bilete som appellerer langt utanfor kjernemålgruppa, sportsinteresserte, fordi det òg kan kommunisere fritid og gleda ved søndagsturar."

Joachim Kroken Åsebø Foto: MR Journalistlag