Det er 4. april og kvitt ute.

Vermeldinga varslar same tilstandane eit par døgn framover. Til helga er det lova høgare temperaturar, men berre inn i mellom. Noko stabilt mildver står det ingenting om i langtidsvarselet.

Første oppslaget om snø denne vinteren hadde Møre-Nytt 30.oktober.

Vinterstemning i oktober. Foto: Svein Aam

Då snøa det kraftig i Ørsta sentrum. Det betyr at vi går inn i sjette vintermånaden. Likevel er det ikkje snø som har prega vinteren. Det spesielle er det tørre og kalde veret. I følge verobservatør Endre Standal på Ytre-Standal er dette ein av dei tørraste vinaterane på dei åra han har drive med verobservasjon.

"Første kvartal 2018 har vore eit av dei turraste eg har registrert på 15 år med nedbørregistreringar, og samstundes av dei kaldaste fyrste kvartal på 16 år", skriv Standal på si Facebookside.