Nye Volda misser 19 innbyggjarar

Nye Volda kommune misser bygda Maurset til Stryn kommune. Men Kjøs krins vert verande i Hornindal kommune, og dermed Nye Volda.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).  Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

New Articles

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Stryn kommune og Hornindal kommune blir justert slik at grenda Maurset i Kjøs krins blir flytta frå Hornindal til Stryn. Endringa vil skje frå 1. januar 2019.

- Stryn og Hornindal har begge argumentert godt for kvart sitt syn. Departementet har gjort ei heilheitleg vurdering og meiner at løysinga med ei grensejustering berre for Maurset vil gi ei betre grense enn i dag. Denne løysinga vil også fungere som kommune- og fylkesgrense, samtidig som den tar omsyn til ønsket til fleirtalet av innbyggarane i dei ulike delane av Kjøs krins, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Både Stryn og Hornindal er einige i at dagens kommunegrense ikkje er føremålstenleg, og at det difor bør gjennomførast ei justering som gjer at grenda Maurset blir flytta frå Hornindal til Stryn. Spørjeundersøkinga blant innbyggarane viser også at eit klart fleirtal av innbyggarane i Maurset ønsker dette.

Kommunane var ueinige om også resten av Kjøs krins burde overførast til Stryn. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane anbefalte ei justering for heile krinsen, i tråd med ønsket frå innbyggarinitiativet og Stryn kommune. Kommunal- og moderninserings-departementets vedtak inneber at resten av Kjøs krins forblir i Hornindal.   

Det bor i dag 19 personer i området som vert overført til Stryn kommune. Det er ingen kommunale institusjonar i området.