Jubelen stod i taket etter at Ørsta utklassa Ellingsøy 7-0, og med det avslutta sesongen med opprykk til 4. divisjon. Dette er første gong Ørsta rykker opp på 19. år. I tillegg rykkte Sæbø opp til 4. divisjon. Åmdal gjorde det og godt, men tapte opprykkskvalifiseringa.

Ferjekrasj

Det vart pangstart på september for bilferja "Goma". Den gamle slitaren på Hjørundfjorden fekk problem då ho skulle leggje til på Sæbø, og kolliderte med kaia.

Odd Saur (80) slo til med hole-in-one på golfbana i Volda. For første gong- og kanskje siste?

– Eg er ein gamal mann og opplever det nok ikkje fleire gongar, meinte Odd Saur.

Ung organist

Ei tradisjonsrik Ørstabedrift feira 75. år i september. Nøysemd og skepsis til banklån er noko av oppskrifta på å bli gammal i bransjen, sa brødrene Einar og Per Øyehaug. Brødr. Øyehaug AS er ei av dei siste trevarebedriftene som er att i Ørsta.

"Tolv år og kyrkjeorganist", var oppslaget 24. oktober. Eirik Stave (12) har alt gjort seg bemerka som eit musikktalent. I haust har han vore organistvikar i Ørste kyrkje ved fleire høve.

Thomas Ryste held koken som revyartist. Årets Klypa-show, "Med prostata mot stjernene", selde 20.000 billettar i Bergen.

– Det er hardt arbeid som ligg bak, og eg har ikkje tenkt å gi meg med det første, uttalte Thomas Ryste.