Overfallet i Volda

Varetektsfengsla i fire veker

Mannen som er sikta for eit overfall i Volda er varetektsfengsla.

Overfallet skjedde i eit hus i denne gata i Volda sentrum.  Foto: Svein Aam

New Articles

Mannen som var sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei ung kvinne i Volda natt til søndag 3. desember er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, opplyser politiet.


 

–Mannen vart pågripen tysdag kveld 5. desember og vart framstilt  i tingretten torsdag 7. desember. Politiet har ikkje fått lest kjenninga til tingretten torsdag kveld og kan derfor ikkje kommentere noko ytterlegare rundt denne no, opplyser Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding.


- Av etterforskingsmessige omsyn går vi heller ikkje inn på detaljar i saka no. Vi er i ei tidleg fase der det pågår blant anna avhøyr av vitner, seier politiadvokat Cathrin Remøy i Møre og Romsdal politidistrikt.