Appell til ordføraren

Hovdebygdas undergang

Lei av utriveleg undergang på E-39
New Articles

Per Halse frå Hovdebygda har sett seg lei på at undergangen på E39 i Hovdebygda er tilgrisa og utriveleg. I dette lesarinnlegget til Møre-Nytt ber han ordføraren om hjelp til å ordne opp.

Herr ordførar!

Dei siste åra har det gått føre seg mykje bra opprydding og opprusting i sentrum av Ørsta. Det er bra for oss alle! Men kommunen er mykje meir enn dei tettbygde områda i Vik og på Velle. Fellesskapet må ta ansvar for at det skal vere triveleg å bu og ferdast også utanfor sentrum. Denne gongen handlar det om ei ferdselsåre som mest vert nytta av born, unge og eldre.

Pågått i årevis

Dei vaksne som susar i bilane mellom Ørsta og Volda anar ikkje korleis det er å måtte passere under Europa-vegen. I årevis har der vore tilgrisa. I periodar er der knuste lampar og mykje boss. Heile tida er der lite trivelege skribleri og ymse «kunst» på veggane; ofte pubertale og «modige» skisser av kjønnsorgan i ulike fargar. Lenge var der ein hakekross – som etter kvart vart noko nøytralisert ved at det vart sett ei kvadratisk «ramme» rundt. I haust låg der i botnen lenge noko som eg meiner må ha vore hestemøkk.

- Kan vere farleg

Dette sjenerer ikkje dei fleste som sit med makt og mynde i samfunnet, for dei bruker ikkje undergangen. Men dette miljøet er det me byd borna våre, dei unge og gamle og alle som vil bruke kollektivtransport heller enn privatbil. Kva signal gjev slik forsøplinga? Jau, er du fotgjengar og busspassasjer, så er du ein «tapar» som får ta til takke med utrivelege undergangar. I praksis vel fleire å springe over vegen for å sleppe undergangen. Det veit me kan vere svært farleg.

Det er på høg tid at det vert teke tak i denne saka. Eg vil ikkje høyre at vegvesen, politi, kommune og eventuelt velferdslag skuldar på kvarandre. Ordføraren bør syne handlekraft – og gjerne få fleire instansar til å samarbeide. Rydd opp, mal veggane, monter gjerne kamera slik at nye syndarar kan verte bøtlagde - og syt for at nytt rot vert fjerna straks slik at alle forstår at tilgrising ikkje vert tolt.

Må ordne opp!

I si tid var Hovden skule med og laga fine illustrasjonar i undergangen ved Osskarelva. Det var med å verka til at han heldt seg fin i svært mange år. Men i det siste har også der vorte skjemt. Kanskje kan born og unge igjen bli tekne med i prosjekt for å gjere begge undergangane i bygda trivelege? Ved å vere med på utforminga kan dei truleg få eit eigarforhold som gjer at dei vil ta medansvar for å halde områda fine og kjekke for alle.

Hovudansvaret må i alle fall ligge hjå vaksne, og som den øvste tillitsvalde i kommunen er ordføraren med dette utfordra til å ordne opp!

Per Halse