Inngangsdøra til Nytt Livs senter i Ørsta, som er menigheita til Hans Reite, er tapetesert med homo-symbol torsdag kveld. Det er teikningar av regnbogeflagget, som er eit kjent symbol for homofile, lesbiske og andre skeive.

"Til Hans" står det på ein plakat, og på ein annan "All kjærleik er lik"

Storm

Dei siste dagane har det storma rundt leiaren for Nytt Livs senter, Hans Reite. Han har skrive eit innlegg om homofili, som mellom andre landbruksminister Jon Georg Dale reagerte sterkt på.

Plakataksjonen torsdag må sjåast i dette lyset.

Då Møre-Nytt kontakta Hans Reite torsdag kveld hadde han ikkje sett plakatane.

– Dette har skjedd før også. Det er synd at dei skal gå fram på denne måten. Du skal ikkje buse fram slik, seier Reite.

Fått støtte

I media har det for det aller meste kome kritikk mot Reite,men han fortel at han har fått mange støtte-telefonar.

– Spesielt mange eldre er overgidde, og uroa for dei unge, seier Reite.

Han vedgår at han har sove litt dårleg dei siste nettene etter alt oppstyret, men angrar ingenting.

– Det står i Bibelen at den som lever gudfryktig skal bli forfølgd, seier Reite.

– Men mange oppfattar deg som nådelaus og fordømmande?

– Eg har berre halde meg til det som står i Bibelen. Men eg er vel kanskje litt som Paulus. Han var streng i breva, men mild i nærveret.

Det var planane til Ørsta/Volda Pride som fekk Reite til å skrive innlegget.

Pride: Ikkje vi som står bak

Styreleiar Anbjørn Steinholm Frislid i Ørsta/Volda Pride seier at det ikkje er dei som står bak plakataksjonen.

–Ørsta/Volda Pride skjønar reaksjonane til folk. Utspela til Reite har nådd ei tolegrense, og vert av mange oppfatta som mobbing. Men Ørsta/Volda Pride vert arrangert nettopp for å vere inkluderande, og for å vise mangfald. Ørsta/Volda Pride tek avstand frå mobbing, same kven som vert råka. Vi ønskjer no fred og ro, slik at vi kan arbeide md å skape eit flott Pride-arrangement i Ørsta-Volda, seier Frislid.

Dette er ein av plakatane på døre til Nytt Livs senter Foto: Janne-Marit Myklebust