Bil av vegen - mistanke om ruskøyring

Onsdag morgon køyrde ein bil av vegen på E39. Politiet mistenkjer ruskøyring.
New Articles

Like før klokka sju onsdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Rot på E39. Ein person var involvert i utforkøyringa.

Ambulanse, brannvernet frå Vartdal og politi rykka ut til staden.

Ifølgje politiet stod bilføraren fram som uskadd, men nekta å la seg undersøke på traumemottak. Det er mistanke om ruskøyring, og bilføraren vart teken med for å avlegge blodprøve. Førarkortet er og inndrege.

110-sentralen opplyser at det kan vere glatt på staden.