Opnar i kveld, fredag:

Stor Vebjørn Sand-utstilling i Kunsthuset

I kveld, fredag, opnar ei stor utstilling i Kunsthuset i Ørsta med bilde laga av kunstnaren Vebjørn Sand.

Aune Sand (t.h) og sonen Andrèy Sand viser eit av dei mange bilda som frå i kveld, fredag, vert presentert i Kunsthuset i Ørsta. Motivet heiter "Arnesteinen" og er måla av Vebjørn Sand.   Foto: Roy-Arne Folkestad

New Articles

Tvillingbror til Vebjørn Sand, Aune Sand, er på plass i Ørsta og håper folk går mann av huse slik dei har gjort over heile landet.

- Det er svært givande å møte folk landet rundt og få takke dei for ei fantastisk støtte gjennom 35 år, noko som har gitt oss moglegheita til å satse så tungt internasjonalt og å jobbe med kunst. Vi er audmjuke overfor folket, seier Sand.

  «Pop-up» utstillinga «Individets valg» inneheld heile 150 bilde. Og no har altså ørstingane ein unik sjanse til å sjå og kjøpe Vebjørn Sand sin kunst gjennom dei siste tiåra.

Les meir i papirutgåva laurdag.