Henta person opp av Rotevatnet

Gut i tenåra kritisk skadd.

Alle naudetatane ryklka ut til Årneset ved Rotevatnet. 

Ein person vart frakta til sjukehus med helikopter. 

New Articles

Måndag kveld fekk naudetatane melding om ei mogleg drukningsulukke ved Rotevatnet i Volda. Ein person var observert under vatn, og alle naudetatane rykka ut til staden.

Volda brannvern gjorde overflatesøk i vatnet. Ein person vart henta opp av vatnet og det vart utført livreddande førstehjelp på staden. Ambulansehelikopter vart tilkalla. 

Ein gut i tenåra vart frakta til sjukehus med helikopter melde politiet på Twitter klokka 20.00.

Måndag kveld melde Helse Møre og Romsdal at statusen til guten er kritisk og at skadene er svært alvorlige. Guten vert behandla på Ålesund sjukehus.

Tysdag morgon er statusen framleis kristisk og guten vert intensivbehandla.