Dette seier tidlegare sokneprest Matias Austrheim. Søndag og måndag skal veljarane i kyrkjevalet stemme både på sokneråd og bispedømmerådet. Dei som vert valt til bispedømmerådet utgjer Kirkemøtet i Noreg. Til valet av bispedømmeråd er det nytt at det er to vallister. Det er Nominasjonskomiteen si liste og Åpen folkekirke. I 2008 innførte Stortinget ny ekteskapslov som oppheva den tidlegare partnarskapslova. Ulike syn på denne nye ekteskapslova har vore hovudstriden i dette valet.

– Åpen folkekirke vart oppretta etter siste Kirkemøte for å vinne kampen i kyrkja om det såkalla kjønnsnøytrale ekteskapet. I 2008 gjekk nesten alle kyrkjelege instansar imot den nye lova fordi den ikkje samsvarar med bibelen og den kristne tradisjon, men no pressar Åpen folkekirke på for å få kyrkja til å innføre kjønnsnøytral ekteskapsliturgi. Eg synes Magnar Hjertenæs (Åpen folkekirke red. anm.) brukar litt store og svulmande ord om noko som vi er einige om, nemleg ei ope folkekyrkje som skal vere ein del av folk sine liv.

– Årsaka til at vi er med i arbeid i kyrkja er for å fremje denne kyrkja som er open for alle medlemmar, seier Reidun Vigestad Berge som er leiar i fellesrådet og medlem i soknerådet.

Les også: – Vi ynskjer ei open og inkluderande kyrkje

To lister

Austrheim og Vigestad Berge meiner det er viktig å opplyse veljarane om at det er to lister å stemme på ved årets kyrkjeval.

– Dei som vil halde på det tradisjonelle ekteskapet mellom mann og kvinne, dei må bruke Nominasjonskomiteen si liste og ikkje Åpen folkekirke. Det er her kampen står. Eg trur det er ein stor majoritet som kanskje ikkje kan kallast faste kyrkjegjengarar, men som har syn for akkurat dette.

– Innanfor Nominasjonskomiteen si liste så er det også kandidatar med same syn som Åpen folkekirke, men det er viktig å bruke Nomisjonkomitten si liste og sette eit kryss for dei som står for tradisjonelle ekteskapssynet, legg Vigestad Berge til.

Som ein motreaksjon til Åpen folkekirke har det blitt danna ein organisasjon som heiter Levande folkekirke.

– Dei har merka av dei kandidatane på Nominasjonskomiteen si liste som står for det tradisjonelle ekteskapssynet. Desse kandidatane ligg ute på heimesida til Levande forlkekirke.

– Barneperspektive er totalt fråverande

Ifølgje Austreim er det ei viktig sak som har blitt totalt fråverande i debatten.

– Barneperspektivet har vore totalt fråverande. I Vårt Land fredag påpeiker tidlegare frikyrkjeprest i Ørsta, Leif Gunnar Sandvand, korleis Jesus sett barn i sentrum. Han meiner at dette har mange av biskopane og folk i kyrkja gløymt i denne saka. Ein stor grunn for at Stortinget forandra lova frå partnarskapslov til ei ny kjønnsnøytral ekteskapslov var at to mødrer og eller to fedrar skal få rett til adopsjon og kunstig befruktning. Eg tykkjer at dette har blitt vekke i debatten, og det har blitt tona heilt ned av Åpen folkekirke. Relasjonen mor, far og barn er grunnleggjande både ut frå biologi og bibelsk familietenking. Vi ser ein stor barnemarknad utvikle seg i Europa der t.d. to mødrer kan reise til Danmark og få sæd frå sædbanken. Dei kan og kryssa av for at barnet ikkje skal få vite kven faren er. I Noreg er det pålagt. Ei kristen kyrkje kan ikkje gå for dette.