Det var Jan Pedersen på Øye som onsdag morgon såg ulv på Tryggestad i Stranda kommune.

– Eg er overtydd om at det var ulv. Det er same dyret som har vorte avbilda i Nordfjord førre veke, seier Pedersen til Møre-Nytt.

Pedersen var på veg til arbeid då han med eitt så geit dyr gå over vegen. Dette var nær Tryggestad, berre ti minutts køyring frå Norangsdalen.

– Dette var oppe på flata, før ein køyrer ned til sjølve Tryggestad, fortel Pedersen.

Dyret som Pedersen såg stoppa i skogkanten, berre ti-femten meter frå Pedersen sin bil. Dyret stod då stille.

– Dyret var litt større enn ein schæfer, og var lysebrun i fargen. Eg mistenkte at det var ein ulv, men var litt i tvil på grunn av fargen. Då eg kom på arbeid fortalde eg om det eg hadde sett, og kollegaer fortalde at ulv kan ha forskjellig farge. Og då eg såg bileta i fjordingen.no av ulven som har vore på vandring frå Ottadalen til Nordfjord, var eg ikkje i tvil. Dette var det same dyret, fortel Pedersen.

Ulven stod heilt stille i skogkanten.

– Kanskje var det femten sekund. Då byrja eg å ta ned sidevindauget for å ta bilete med mobilen. Men då vart dyret skremd, og med eitt var det vekke, fortel Pedersen.

– Pedersen varsla torsdag ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad, om kva han hadde sett. Ordføraren har ein saueflokk i området der dyret vart sett.Bildet av ulven som Pedersen såg onsdag, vart fyrst publisert i Fjuken, lokalavisa for Ottadalen, den 12. mai. Då var ulvar på vandring vestover.