Satsar ungt i 2. divisjon

Marte Nornes vert den tredje forsterkinga for Volda handball før laget skal bite frå seg i 2. divisjon.

Forsterkning: Marte Nornes er klar for spel i Volda handball. Ho er den tredje signeringa til Volda før komande sesong, men klubben er framleis på spelarjakt.   Foto: Mindor Langdal

frapapir

– Det er med stor glede vi kan bekrefte at talentfulle Marte Nornes frå Ålesund HK har signert 1-årskontrakt med Volda HK. Marte var ein av fire spelarar som var på prøvespeling i Volda fyrste helga i juni. Målvakt Hilde Søyseth frå Meldal og bakspelar Hanna Ræstad, som siste sesong spelte for Midsund og Molde II, har tidlegare bekrefta at dei spelar for Volda komande sesong, heiter det i ei pressemelding frå Volda handball.

Satsar på handballen

I tillegg til å spele handball for Ålesund HK har Nornes også vore ein viktig spelar for Fortuna sitt damelag i fotball.

– Eg har no bestemt meg for å satse på handballen som min prioriterte idrett framover. I kor stor grad eg kan bidra for Fortuna resten av sesongen, må eg komme tilbake til etter samtale med trenarane når vi startar oppkøyringa 1. august. Eg vel Volda fordi dei har eit veldig godt treningsmiljø med mange gode spelarar. Eg trur og håper at Volda sin nye trenar Halldor Steffan Haraldsson vil kunne hjelpe meg til å utvikle meg vidare som handballspelar, seier Nornes.

Framleis på spelarjakt

Etter nedrykket frå 1. divisjon gav ikkje Volda handball nye tilbod til Tina Gavranic, Olivia Kiss og Marija Shteriova. Kaptein Hilde Egset har signert for Storhamar, og Line Sørensen Hagen spelar for Flint komande sesong.

– Når så mange spelarar av ulike grunnar ikkje held fram, er vi nøydde til å tenke både kortsiktig og langsiktig. Målet er å byggje eit nytt lag som kan kjempe i toppen av 1. divisjon og etablere Volda HK som regionens toppklubb over tid. Vi meiner likevel det er viktig å snu trenden allereie komande sesong der vi kjempar i toppen, sjølv om opprykk ikkje er eit mål i år. Får vi sjansen, vil vi gripe den, men vi vurderer nivået i årets 2. divisjon som høgt ut frå den nye organiseringa frå Handballforbundet, seier leiar Arild Bakke.

Volda handball har fleire yngre spelarar frå eigen stall som no bankar på døra til 1. laget, og som truleg kjem til å få godt med speletid i årets 2. divisjon i tillegg til også å spele 3. divisjon.

– Vi ser det likevel som viktig for spelarutviklinga at vi er godt forgjord i alle posisjonar og at vi har spelartypar som nærmar seg norsk elitenivå.

Om Aukse Anglienskine blir med komande sesong blir avklart om få dagar. Karoline Dyrhol Slenes er også er ein spelar Volda handball ynskjer skal vere med dei vidare, sjølv om ho ikkje kan satse 100%.

– Det er ein spelar med lang erfaring frå Tertnes Elite, som har mykje å lære våre yngre spelarar. Vi er i positive samtalar med henne, men av ulike årsaker får vi truleg ikkje avklart om og i kor stor grad ho kan bidra før i august.

Jobbar med agentar i Ungarn og Kroatia

Volda handball ser også til utlandet i spelarjakta.

– Vi er også i prosess med å finne ein ekstern spelar som kan løfte nivået ytterlegare, der vi bl.a. jobbar gjennom agentar i Ungarn og Kroatia. Det er her mogleg vi legg opp til testing av aktuelle spelarar første veka i august og vil så velje ein av desse om vi finn den rette og vi kan bli einige om vilkåra. På det tidspunkt veit vi også om her kjem positive overraskingar gjennom studentar som har valt Volda som studiestad og som har kapasitetar til å satse på førstelaget.

frapapir