Det er Hotel Sagafjord, Hotel Union, Øye, Urke Camping og landhandel, Urke utvikling AS, Ytre Urke grunneigarlag, Leknes grunneigarlag og Trandal grunneigarlag som står saman om søknaden til Ørsta kommune om å etablere ei rås og rute frå Lekneset/Urke over Saksa (1.073 moh.) til Elsandtinande (1.398) og ned att til Urke.

– Hjørundfjordegga-prosjektet handlar om enkel tilrettelegging og marknadsføring av det vi meiner er ei perle av ein fjelltur for eit breiare publikum av spreke og fjellvande folk, lokale som tilreisande, skriv Stig Jarle Helset, Terje Myklebust og Jens Arve Forbord i søknaden til Ørsta kommune. Dei tre utgjer prosjektgruppa for Hjørundfjordegga-prosjektet.

– Grunnen til at vi ynskjer å leggje til rette og marknadsføre denne turen som «Hjørundfjordegga» er at vi meiner at bygdene og dei mange næringsverksemdene kring Hjørundfjorden treng ei merkevare som kan trekkje til seg turistar på line med den utrulege suksessen «Romsdalseggen»-konseptet har vore for Åndalsnes, eller for den del «Besseggen»-konseptet i Jotunheimen. All erfaring derifrå syner at ein får ein veldig auke av tilreisande turistar drersom ein har ei slik merkevare og eit slikt turkonsept å vise til, heiter det frå søkjarane.

Dei er nøye med å presisere at det ikkje er snakk om store inngrep. Det er snakk om rigging av nokre kjettingar på dei mest utsette strekningane. I alt kan det handle om tre kjettinglenkjer.

– Kjettingane vil verte monterte slik at ein anten kan bruke dei berre til å halde seg i, eller til å sikre seg i via klatresele og langslynge, heiter det i søknaden.

Ei lenging av Saksa-råsa

Turen over heile Hjørundfjordegga er tenkt som eit tilskot til den kortare turen til Saksa for særleg fjellvande og spreke folk, som er ei stendig veksande gruppe mellom lokale og tilreisande turistar.

– Heile vegen langs den lange og flotte ryggen har ein eit absolutt fantastisk utsyn over Hjørundfjorden og fjella på Kolåshalvøya på den eine sida og Norangsfjorden, Slogen og dei andre fjella på Rånahalvøya på den andre sida.

Søkjarane minner om for ein suksess turen til Saksa har vorte etter steinlegginga i fjor sommar.

– Turen vidare frå Saksa til Elsandtindane er derimot svært lite brukt i dag, trass i at den etter vår vurdering overgår det meste av det ein kan oppleve i Sunnmørsalpane, heiter det i søknaden.

Prosjektgruppa er overtydde om at eit slik konsept vil lokke til seg mange fjellgåarar, som igjen vil leggje att pengar hos lokale verksemder som hotell, campingplassar og forretningar.

– Dersom ein ønskjer tilreisande turistar, er det etter vår vurdering ikkje nok med berre flotte fjell og fjordar, ein må også ha levande bygder med flott kulturlandskap i kring, heiter det.

For initiativtakarane er det ein føresetnad at turen over Hjørundfjordegga skal vere fritt tilgjengeleg for alle som kjenner seg kompetente til å gjennomføre han – samstundes som dei som kjenner behov for det skal kunne leige gaidar som kan ta dei trygt gjennom turen, presiserer søkjarane.

Det er driftsselskapa i Hotel Union, Øye og Hotel Sagafjord som vil ha ansvaret for installasjon og vedlikehald av kjettingane.

– Heile vegen langs den lange og flotte ryggen har eit absolutt fantastisk utsyn over Hjørundfjorden

<strong>Kart:</strong> Hjørundfjordegga synt på kartet.