Påsketankar:

Langfredag: Biletet som rakna

Illustrasjon: Birgithe Kristine Runde 

For abonnentar

«Gud er død» skreiv den tyske filosofen Friedrich Nietzsche i 1882. På dette tidspunktet hadde vitskapen og opplysinga kome så langt, at no trong vi ikkje Gud, meinte filosofen. Han såg for seg ein ny vår der menneska utan Gud ville bløme i kjærleik til livets beste, utan nedtrykkande religion.

Så small det. Første verdskrigen. Andre verdskrigen. Holocaust. Vietnam. Verda vart vitne til eit århundre med vondskap utan sidestykke. Det opplyste og moderne mennesket viste seg å bruke sine evner til noko som kunne likne eit helvete på jord.

Mange mista trua på Gud i kjølvatnet av både krig og moderne filosofi. Men mange mista og trua på det gode mennesket. Biletet rakna. Korkje mennesker eller Gud viste seg å vere det vi trudde.

Då Jesus vert ført til krossen langfredag og døyr lidande her,skjer det noko. Forhenget inn til det aller helligaste i templet raknar i to. Og det er som om det gamle biletet av Gud og raknar når dette skjer.

Biletet av den fjerne, strenge Dommaren vert erstatta av Han som i kjærleik strekker handa ut til det fortvilte, hjelpelause mennesket som har mista seg sjølv.

Røvarane som vert krossfest ved Jesus si side, viser oss du og eg er vert å elske, sjølv i vår mørkaste stund.

Martin Luther sa at til sjuande og sist er vi røvarar, alle saman. Vi får likevel møte ei utstrakt hand frå Jesus, same kven vi er.

39 Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40 Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? 41 For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42 Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» 43 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.» 44 Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen, 45 for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, 46 og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.

Luk 23,39-46