Søndagstankar

Den lettaste vegen

Romersk veg frå bibelsk tid: Her gjekk mange som skulle til påskefeiringa i Jerusalem 

For abonnentar

Den britiske legen Dr. Michael Mosley lanserte i 2012 noko han kalla 5:2 dietten. For å gå ned i vekt, skulle ein ete normalt fem dagar i veka, og så faste to dagar i veka. Dietten vart raskt ein hit, dette var noko heilt nytt som ingen hadde prøvd før! Og brått sat tusenvis av moderne menneske og dreiv med noko som vi for lengst hadde vorte forkasta som ein usunn religiøs praksis: Nemlig å faste.

Kva var så det opprinnelege poenget med fasten i kyrkjeleg tradisjon? Jesu ord i dagens tekst set oss på sporet: Mennesker ønsker ofte å ta den enkle vegen utanom det vanskelege, om vi kan. Men Jesus, han tek sikte på å gå den vanskelege vegen, som til slutt vil føre han til døden.

Faste er praksisen som syner at det ikkje alltid er den lettaste vegen som er den rette. For kroppane våre er det lettast å ete usunn mat akkurat når vi vil, og avstå frå strevsam fysisk aktivitet. Men alle legar vil råde oss til det motsette.

For Jesus var den lettaste vegen å gå utanom Jerusalem, å la vere å provosere dei som sat med makta. Han jo kunne i staden fortsette med å vere ein vismann som sa mange fine ord.

Men Jesus har meir å utrette enn å kome med kloke ord. Han forklarer at han skal, gjennom smerte, legge ned sitt eige liv som ei bru mellom Gud og mennesker.

Fastetida eksisterer, og overlever som fenomen, fordi vi treng å bli minna på at det å vere menneske også innebærer smerte i ei eller anna form. Og derfor treng vi ein Gud som ikkje berre ser denne smerte, men som sjølv tek del i den.

Og fordi Jesus ikkje tok den lettaste vegen, men valte smerten, kan vi erfare hans nærvær midt i det tøffe. Når det ein gong er vår tur, så er han der og går med oss.

Bøn: Jesus, din smerte berører oss. Vær du oss nær i våre liv, i det som vi strevar med. Amen

Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. 22 Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» 23 Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Matt 16,21-23