Søndagstankar

Som tomme skåler

«Vi rekker våre hender frem som tomme skåler.»: Utsnitt frå altartavla i Ørsta kyrkje. 

For abonnentar

Eit nytt år er i gang. Eit gamalt er til ende. Eg var stor-klar for 2021! Der 2020 hadde vore koronaens år, skulle 2021 bli vaksinen sitt år. No skulle det gå rett veg. Optimismen skulle ønske oss velkommen til det nye året.

Men så sa det bom stopp. Allereie før det nye året tok til kom den vonde meldinga om eit alvorleg jordskred i Gjerdrum. Dei første dagane i det nye året har tankane mine gått til menneske som har vore sakna, menneske som har mist dei trygge heimane sine og menneske som har mista sine kjære.

Søndag kom så meldinga om ei ny runde med sosial nedstenging med alt det inneber for sårbare grupper og utsette næringar. På toppen av alt kjem den særs urettvise fordelinga av vaksiner mellom fattige og rike land. Det er ikkje slik det skal vere!

Men la oss ikkje misse motet. Lat oss gå til kjeldene og finne ny kraft for det nye året!

Salmediktaren Svein Ellingsen viser veg med salmen «Vi rekker våre hender frem», tone-satt i Norsk salmebok av Trond Kverno. Eg gjer denne salmen til mi bøn både for meg sjølv og den verda eg lever i ved starten av det nye året:

«Vi rekker vår hender frem som tomme skåler, kom til oss Gud og gi oss kraft fra kilder utenfor oss selv.

Alt godt til vårt og andres vel, er dine gaver. I svakhet fremmer du ditt verk, vår bare kvist skal skyte knopp!

Vi løfter våre hender hender opp i bønn for verden. La dem som lider finne vern mot kalde hjerters is og sne!

La våre henders nakne tre få blomst og blader. La våre liv få bære frukt til legedom for andres sår!

Vi venter efter smertens vår, din nådes sommer. Og sorg og glede blir til vekst med frukt vi ikke selv kan se.

Din nådes skaperverk skal skje i tomme hender. O Gud, all godhets giver: Kom, ta bolig i vår fattigdom!»

Johannes peika på Jesus og sa: «Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.» Gud har pusta liv inn i verda frå skapningens morgon. Han gjorde det i det vesle barnet i krubba i år 0 og han vil gjere det i deg og meg i 2021!»

Signa nytt år!

3 Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!

4 Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5 Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7 Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8 Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.» 9 På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. 10 Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. 11 Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Mark 1,3-11