Treflis held på snøen lenger:

Utvidar langrennstraseen på Bondalseidet og legg treflis

Bjørnar Øye, Øystein Mårstøl og Olve Øyehaug i arbeid.  Foto: Joachim Åsebø

For abonnentar

I fjor vart det i 800 meter av langrennstraseen på Bondalseidet lagt treflis. Årsaka er at treflisa skal halde lenger på snøen. Det er langrennsgruppa i Hovdebygda IL som står bak prosjektet. Dei er ikkje dei første i landet til å bruke treflisa til dette føremålet, men blant dei første. I 2017 gjennomførte dei eit testprosjekt som gav gode resultat, og dermed valde dei å gå vidare med flislegginga i fjor. Laurdag var det på ny dugnad på Bondalseidet der medlemmar både frå Hovdebygda IL langrenn og Ørsta IL langrenn stilte opp.