Krema pasta med kantarell & kylling

Krema pasta med fløyte, kanta- rellar, kylling og salvie er absolutt nydeleg saman og er perfekt kosemat på sure haustdagar med regn.

KOSEMAT: Krema pasta med gode smakar er perfekt kosemat på komande haustdagar.  Foto: Mari Lene Korsnes

For abonnentar

Ingenting er betre enn å setje seg godt til rette med ein krema og fyldig pastarett når det regnar og stormar ute. I denne retten er det også Dijon-sennep som gir ein litt skarp og aromatisk smak til både kylling og kantarell. Salvie er nok ei krydderurt som ikkje blir brukt så alt for mykje rundt om i heimane sidan ein kanskje ikkje veit heilt kva ein skal bruke det til. Prøv salvie saman med sopp-og kyllingrettar så vil du kjenne at det passar perfekt saman og gir ein heilt annan smak enn både timian og rosmarin som vi er godt vande med.