Ørstahallen sin store ressurs

– Det er så viktig å ta vare på storstova vår!

– Vi har fått mykje skryt for arbeidet vi har lagt ned her i Ørstahallen. Det gode miljøet i hallen stadfestar det.

Hallvertar: Jørn Olsen Øie, Patricio Medina og Anne Øie er hallvertar i Ørstahallen.  Foto: Bendik Mork Folkestad

For abonnentar

Verdfulle ting skal takast godt vare på. Ørsta sin nye fleirbrukshall er ikkje noko unntak. Kvar ettermiddag og kveld blir hallen passa på av hallvertar, som er ei ordning der frivillige, til oppsette tider, passar på han og held eit auge med han. Initiativtakar og leiar i hallnemnda, Patricio Medina er veldig nøgd med ordninga han var med på å få etablert.