Til teneste for flypassasjerane gjennom 40 år

– Billettane, taggane og ombordstigingskort skreiv vi for hand. I dag er det ei heilt anna verd

– Eg er ein servicemann som jobbar med og for folk. Eg er heldig som har fått gjort det på flyplassen gjennom 40 år.

Flyplassen: Inge Petter Vatne har vore synonymt med Ørsta-Volda lufthamn. 1. mai i år var det 40 år sidan han hadde sin første arbeidsdag på flyplassen. Foto: Joachim Kroken Åsebø  Foto: Joachim Åsebø

For abonnentar

For Inge Petter Vatne har god service alltid vore ein prioritet. Det har han dagleg bevist på Ørsta-Volda lufthamn i 40 år. I 1975 var han ferdig utdanna frå transportfaglina ved Høgskulen i Molde. Etter nokre år i Ålesund og eitt år i Volda kalla arbeidslivet i Ørsta på han.