"Om me fyrst skal ete kjøt, kan me vere medvitne om kva for kjøt me et"

- Når du sit der på eit julebord eller på sjølve julekvelden med ei salig kjensle og pinnekjøt mellom kvar ei tann, så send ein venleg tanke til sauen, skriv Synnøve Marie Sætre i sin helgekommentar.

Synnøve Marie Sætre skriv kommentarar for Møre-Nytt 

For abonnentar

Eg svinga inn på ein parkeringsplass, rygga inn til bakdøra hjå slaktaren og idet eg opna døra, ljoma «Some die young» av Laleh imot meg. Eg veit ikkje om det var tilfeldig, eller om det er ei eller anna sjuk form for galgenhumor dei har i bransjen, men eg lo. Slaktaren kom berande med to heile saueslakt pakka inn i plast og la dei i bagasjerommet, og med denne lasta kjendest det som om eg var med i ein thriller og burde sjå opp for politiet på veg heim. Etter denne smått absurde opplevinga var julemiddagen i boks.

Julebordsesongen er over oss, og snart set jula inn. Årets store kjøtgilde med pinnekjøt, svineribbe, kalkun, medisterpølser og eg veit ikkje kva. Gjerne litt av alt gjennom heile jula. I snitt et me nordmenn 53,3 kg kjøt kvar i året, og jula bidreg nok ikkje akkurat til å halde talet nede. Tvert imot. Og er det éin ting som er sikkert, er det at me av miljøomsyn bør ete mindre kjøt.