God dag-praten med Eirin Mork

"Er det plass til guten min i samfunnet, når han bikkar 18 år?"

Mør Eirin Mork i Go dag-praten.

  Foto: privat

For abonnentar

Korleis er kvardagen din?

Den er vel ganske like «alle andre» sin kvardag – jobb, hus og heim. Med to gutar på 10 og 8 er det diverse lekser og fritidsaktivitetar som skal følgjast opp, og vipps så er helga her. Helga går med til småturar med gutane og for det meste avslapping.

Kva aktuelle saker opptek deg for tida?

Som mor til ei gut med Downs syndrom så er det naturleg for meg å vere oppteken av kva som rører seg i samfunnet og politikken når det gjeld kvardagen til dei med ulike funksjonshemmingar. Er det plass til guten min i samfunnet, når han bikkar 18 år? Det lurer eg veldig på.