Korleis er kvardagen din?

Til vanleg har eg jobb i Norsk Revmatikerforbund Møre og Romsdal fylkeslag som gir tilbod til Barn- og unge BURG, opplæring av instruktørar i basseng, sal, tur, samlar tillitsvalde i lokallag, grupper til Reuma-Sol for å nemne nokre, politikk i Arbeidarpartiet (leiar) og varaordførar i Ørsta. Engasjement på fleire område. Sommardagane er fine dagar med ferie, besøk av familie, camping, fisking, ordne ting i huset og ute i hagen.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Nytt opplæringsbasseng i Ørsta, betre turstiar, sjustjerne samarbeidet, Ørsta sentrum skal vere ein trygg stad å bu, inkludering og universell utforming, det skjer mange positive ting i Ørsta og vi har mange dyktige som jobbar for framtid og utvikling

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Heimstaden min er Sykkylven, «eg veit ei bygd der inne», kjempefin bygd.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Vi har stort sett det som vi har behov for, men ting kan bli betre.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Eg har vikariert for ordføraren i fire veker og ferie for mange pregar denne tida.

Men vi bør sette i gang å få turvegen heilt fram på Brekkeheida og engasjere sherpa til å legge ny rås til Vallahornet. Det vil inspirere fleire til å bruke naturen.

Kven fortener ein blomebukett?

Mannen min! Og alle som jobbar i frivillig arbeid.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Nytt opplærings/-varmtvassbasseng under bygging i Ørsta

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Vi reiste på setra etter at slåtten var ferdig, musikkorps og handball.

Kva får deg til å le?

Humor, god historie, tannlaust smil frå ein baby

Kva er ditt favorittmåltid?

Liker det meste, norske jordbær, klippfisk, grillmat.