Kva er ein perfekt sommar for deg?

Fint vêr og mykje tid saman med familie og vener.

Kvar går ferieturen?

Ferieturen gjekk i år til Italia og Kroatia.

Kva er ditt beste sommarminne?

Å sykle frå øy til øy i Kroatia og å kunne stoppe når ein ville og ta ein rast på restaurant.

Viss du skulle hatt ein annan jobb om sommaren, kva hadde det vore?

DJ på Ibiza.

Kva brukar du sommarkvelden til?

Trening og kvalitetstid med familien

Kva er det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt?

«Storstilt satsing på utvikling av Søre Sunnmøre som region»

Kva er den beste sommarmaten?

Biff

Kva gjer du når det høljar eller er syden-temperatur i Ørsta?

Eg prøvar å kome meg ut og vere aktiv same kva vêr det er.

Om det er ekstra varmt er det i tillegg fint å kunne finne på ting utandørs saman med familie/vener.