(Fjordingen):Litt før klokka 06. måndag morgon køyrde Møreekspressen utfor vegen ved Dispen i Nedstryn. Bussen, som køyrde frå Oslo til Ulsteinvik, hadde 55 passasjerar ombord.

Marknadssjef og pressekontakt i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik, uttalte til Fjordingen måndag at ingen vart skada og det var ingen dramatikk kring utforkøyringa.

Tove Stavem Reite frå Volda, som var passasjer på Møreekspressen måndag, karakteriserar utforkøyringa ganske annleis.

– Eg må seie at dette var ei forferdeleg oppleving, seier ho.

Stavem Reite har vaksne born busett i Oslo og er ofte passasjer på Mørekspressen. Ho fortel at ho sat og slumra i setet sitt i bussen si første etasje då ho merka at det vart kreng på bussen.

Passasjeren fortel at bussen køyrde utanfor vegen, vidare over stikkvegen i grus og ned på marka. Foto: Tove Stavem Reite

Sjølv var ho til legesjekk for sleng i nakken under denne utforkøyringa.

– Ulukker kan skje, men det eg er sjokkert over er måten Nettbuss har handtert dette på. Vi vart ståande sjokkskada ute på jordet og fekk ingen informasjon, fortel Stavem Reite som og etterlyser naudetatane.

– Verken ambulanse eller politi kom på staden. Vi vart ståande der i nesten ein time, seier ho.

Her ligg bussdøra på jordet ved gamleskulen på Dispen i Nedstryn. Foto: Tove Stavem Reite

Saka blir no etterforska av politiet.

Etter det Vik i Nettbuss Travel kjenner til, skal passasjerane ha blitt spurd i plenum om eventuelle skadar etter utforkøyringa. Då det vart kommunisert frå nokon i bussen at ingen var skada, slo dei seg til ro med dette.

På spørsmål om kva instruksar ein sjåfør har etter ei slik hending, seier Vik at Nettbuss skal ta kontakt med kvar og ein av passasjerane etter eit trafikkuhell.

– Kan hende at det gjekk litt fort i dette tilfellet og at det var folk som var rysta og ikkje kunne svare ordentlig for seg, seier Vik.

Han legg til at han prisar seg lukkeleg at dette ikkje gjekk verre enn det gjorde.

– I dag har vi sendt SMS til alle dei vi veit som var ombord i denne bussen om spurd om det er skader som følge av dette, eller om det er noko vi kan bistå med, seier Vik.

Han seier at Nettbuss kontakta politiet sin operasjonssentral om ulukka like etter utforkøyringa. Likevel kom ingen til staden.

Hjå Vest politidistrikt sin pressekontakt var det ingen svar då Fjordingen ringte tysdag.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen.