Kva er ein perfekt sommar for deg?

Å få vere i lag med familien. Nyte fridagar, og gjerne reise til nye stader både i inn- og utland. Men eg set også stor pris på å få gå i fjellet her heime, for er det sol og fint ver, så er det ingen ting som er kjekkare enn å klatre opp på ein fjelltopp, og få nyte den fantastiske naturen vi har rundt oss. Vi bur i ein flott kommune med mange unike turmål.

Kvar går ferieturen?

I år har vi allereie vore ei veke på Kreta. Seinare vert det ein tur til Bergen for å besøke eine sonen vår, Joakim, som studerer og jobbar der i sommar. Vi har også planar om å gå litt i fjellet, og Trolltunga og Preikestolen er turmål vi har lyst å besøke.

Kva er ditt beste sommarminne?

Det må vere turane vi har hatt til USA. Der har vi vore nokre gongar siste åra og det er eit veldig kjekt og enkelt land å ferie i. Mykje å sjå og oppleve. Alt frå storbyliv til flotte strender og kjekke og gjestfrie amerikanarar. Spesielt huskar eg godt besøket til Las Vegas der vi tok helikoptertur over Grand Canyon. Det var ei flott oppleving!

Viss du skulle hatt ein annan jobb om sommaren, kva hadde det vore?

Då ville eg jobba innanfor reiseliv. Eg har alltid synest det er ein interessant bransje, utanom bank og finans. Tidlegare har eg studert reiseliv, og i min ungdom jobba eitt år i Florida ved den norske paviljongen ved Epcot-Senteret i Disney World. Siste året har eg delteke på ein del møter i regi av Ørsta kommune, om Masterplan for Hjørundfjorden. Dette er eit spanande prosjekt å følgje med på, og det er gledeleg å sjå kor aktiviteten i Hjørundfjorden har blomstra opp. At enkeltpersonar satsar innan reiseliv, der fokuset er på lokal mat, naturopplevingar med guidar og skreddersaum av kva turistane vil ha, det synest eg er flott gjort. Det vert lagt ned mykje tid og ressursar for å skape eit godt reiselivsprodukt som skal vere berekraftig over tid.

Kva brukar du sommarkvelden til?

Går gjerne turar i nærområdet, men likar også å vere sosial i lag med vener.

Kva er det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt?

Det må vere at arbeidet med å utvikle Havtor Hovden-plassen, som er skissert i utviklingsplanen for Ørsta sentrum, vert realisert og påbegynt ila 2019. Plassen vert utnytta og tydleg definert i samband med den framtidige utvidinga av Amfi. Det vert bygd ein ny paviljong mot fjorden som kan brukast til marknader, konsertar og uteservering. Heile området vert ein marknadsplass som kan nyttast til lokal handel og kulturelle formål. Det vil knyte sentrum enda tettar saman, og eg trur det vil smitte over til at det også vert meir liv i gågata.

Kva er den beste sommar-maten?

Grillmat med gode salatar til!

Kva gjer du når det høljar eller er syden-temperatur i Ørsta?

Er det ruskevêr, så er eg dessverre ikkje den som tek på meg regnklede og går ut. Då er eg inne og ser gjerne ein god film på TV. Men skin sola, så er eg ute. Enten ved sjøen eller på fjellet.