Den tradisjonsrike fotballskulen til Ørsta IL fotball vert arrangert kvart år i første veka i skuleferien. Gjennom Tine fotballskule har det vore ei fullpakka veke med aktivitetar for dei 120 deltakarane som har vore med. I år har kvar dag vore utvida med ein halvtime, og det har både store og små sett pris på. Dei siste åra har det blitt gjennomført konkurransar for deltakarane midt i fotballskulen. Då Møre-Nytt la turen innom kunstgrasbana onsdag føremiddag var det god stemning og mange blide deltakarar. For Nikolai Engelsen, Håvard Holen og Andre Arntsen er dette siste året dei får vere deltakarar på fotballskulen. Dei skulle gjerne ha vore med lenger, men har hatt ei kjekk veke.

– Du får lære nye ting og du vert alltid kjent med nokon nye, sa gutane som gledde seg til å vere med på konkurransane.

– Kjekt: Nikolai Engelsen, Håvard Holen og Andre Arntsen koste seg på fotballskulen. Foto: Joachim Åsebø

Fair Play har blitt viktig på fotballskulen, og i år vart det også delt ut ei utmerking til ein som hadde vist gode haldningar, vore snill med medspelarane sine og vore ein god lagkamerat. Deltakarane sjølve stod for nominasjonen til utmerkinga og Isak Myklebust fekk applaus og jubel då han vart kåra til årets Fair Play-deltakar.

I den etterfølgjande triksekonkurransen var det Daniel Aam Kriken som gjekk av med sigeren.

Daniel Aam Kriken vann triksekonkurransen. Foto: Joachim Åsebø

Jon Weider overlista A-lagsmålvakt Martin Liaskar i straffesparkkonkurransen, og den eldste gruppa imponerte med dans i heiarop-konkurransen.

Overlista Liaskar: Jon Weider var trygg frå straffemerket og vann straffesparkkonkurransen.
Heiarop: Dei eldste deltakarane vann heiarop-konkurransen i kvass konkurranse med dei yngste gruppene.

– Vi er veldig godt nøgde med årets fotballskule, men vi skulle gjerne sett at endå fleire jenter tok del. Elles har det vore god stemning gjennom heile veka, sa fotballskuleansvarleg Frode Følsvik.