Slik var det nemleg med Sjur Haug (20) laurdag. Ikkje berre gjekk han opp på Saudehornet. Han gjorde det på tida 58.14, som er personleg rekord, og tok femteplassen totalt i løpet. Han vann klasse 20-22 år suverent.

Der dei fleste andre ville ha roa ned nokre timar, gjorde ikkje Sjur det. Han sprang ned frå fjellet, heiv seg i bilen, og nådde Ørsta sin fyrste kamp under Sæbøcupen. Han kom innpå, men greidde ikkje å hindre at Sæbø vann 3-1. Han spelte ein kamp til, og der var han med på å vinne 5-2.

- Eg veit eigentleg ikkje kor mykje eg merkar at eg har vore på eit fjelløp før eg har spelt ei stund, sa Sjur til Møre-Nytt før kampen mot Hovdebygda.

Uansett er den unge Ørsta-løparen og –spelaren svært godt trent. Han er ein kondisjonsbase som få andre på sin alder.

Løpet laurdag er noko av det beste som er gjort frå ein frå Ørsta. Berre Øyvind Sandbakk i sine glansdagar har sprunge raskare. Sjur hevdar at han ikkje har trent spesielt til løpet.

- Nei, eg har ikkje det. Men nyleg tok eg ein test med sekk til Saudehornet. Det gjekk ikkje så bra. Difor er eg overraska over at det gjekk såpass bra i dag, seier Sjur.

Kanskje kan løpet laurdag vitne om ein fotballspelar som er i usedvanleg god form før haustsesongen startar.

- Kanskje, men det handlar ikkje berre om at eg kan springe 14.000 meter under ein kamp. Det kan eg sikkert gjere, men i fotball handlar det også om å springe i dei rette posisjonane, seier Sjur.