Bereket, som representerer Larvik Turn, sprang i mål på tida 50.47. Nærmaste utfordrar var Ola Storlien frå Mjøsski, som sprang på tida 54.26.

Tidene må takast med eit stort atterhald, for arrangørane hadde store vanskar med det elektroniske tidtakarsystemet undervegs.

Arve Rindal, Eid, kom på tredjeplass i herreklassa, medan Sjur Haug frå Ørsta IL overraska stort, og tok ein flott femteplass. Haug hadde uoffisielt tida 55.34, som å så fall er ei klar ny bestenotering, og ei av dei beste tidene nokon lokal løpar har prestert i Saudehornet rett opp.

I dameklassa var May Britt Buer suveren. Ho fekk tida 56.23, og berre det var vel eitt minutt bak bestetida til Anita Håkenstad Evertsen.

Dei to vinnarane leia frå start til mål. I herreklassa hadde Bereket opparbeidd seg ei leiing på over minuttet allereie ved tredje vasshus. Han vart rett nok dyktig sliten, og var ganske prega då han gjekk over målstreken.

Det var 85 deltakarar i konkurranseklassa IS Saudehornet rett opp i år, som er eit høgt deltakartal.

Samla var det kring fem hundre som deltok i arrangementet.

Verforholda var nærmast perfekte, med tjue grader og overskya.