Sæbøcupen er i gang. Ein av dei lengstlevande cupane i den lokale seniorfotballen vert halde for 41. gong denne helga.Alle seniorlaga frå Ørsta er med, og i tillegg Volda 90, eit lag samansett hovudsakleg av det legendariske juniorlaget til Volda som herja i aldersfastlagde klasser, men der spelarane no er spreidde kring om i landet - og ikkje alle er aktive lenger.

Fredag vart puljespelet halde. I den eine pulja spelte Hovdebygda, Sæbø og Åmdal. Det vart ei jamn pulje, der alle laga fekk tre poeng, og Hovdebygda og Sæbø gjekk vidare på målskilnad.Her vart resultata slik:Sæbø – Åmdal 2-4

Hovdebygda – Åmdal 3-0

Sæbø – Hovdebygda 3-1

I den andre pulja vann Ørsta oppskriftsmessig 4-1 mot Vartdal, men Volda90 sjokkerte med å slå Ørsta 1-0. I den siste kampen vann Vartdal, men ikkje nok til semifinaleplass. Resultata vart slik:

Ørsta - Vartdal 4-1

Volda 90 – Ørsta 1-0

Vartdal - Volda 90 1-0

Det gjer at semifinale laurdag vert som følgjer:

Semifinalene går slik: Sæbø - Ørsta og Volda 90 - Hovdebygda.

Etter semifinalane spelar Vartdal og Åmdal om femteplassen, taparane i semifinalen om tredjeplassen og til slutt er det finale kl.17.30.