Vartdal stiller med J14- og G16-lag under årets Norway Cup, og gjer det skapt. Tidleg tysdag vart det klart at J14-laget vann gruppa si, og er klare for 16.-delsfinale i a-sluttspelet. For G16-laget starta verdas størte fotballturnering med 4-4 og uavgjort mot Åndalsnes søndag. Tysdag vart det 5-3-siger i siste gruppespelskamp mot Stegaberg, og Vartdal toppa gruppa før siste kamp mellom Åndalsnes og Stegaberg onsdag kveld. Åndalsnes kunne gå forbi Vartdal med siger og fleire plussmål, men med 3-1-siger til Stegaberg vann G16-laget gruppa si og er klare for a-sluttspel.

I 16.-delsfinalen ventar det brasiliansk motstand i Campo Redondo FC. Kampstart er 18.25 onsdag.

Ørsta stiller med lag J15/16-klassa. Etter to eittmålstap i dei to første kampane vart det 5-3-siger over Blåmann tysdag ettermiddag. Ørsta er klare for 16.-delsfinale i b-sluttspelet. Motstander er enno ikkje klar. Kampstart er 15.40 onsdag.

Volda sitt G14-lag dominerte gruppa si. Etter 16-0 og 10-1 i dei to første kampane vart Saprsborg FK slått 9-0 tysdag. På kvelden vart det 3-0-siger mot Sædalen 2. Volda er klare for 16.-delsfinale i a-sluttspelet, og møter Vestre Aker SK.