Sivert Heltne Nilsen frå Volda har vore ein viktig bidragsytar for Vålerenga denne sesongen etter overgangen frå Hødd. Ifølgje trenar Kjetil Rekdal har 22-åringen teke Tippeligaen med storm.

- Han er ein dominerande figur i ligaen. Det er litt overraskande, for sjølv om vi visste at han hadde nokon enorme defensive kvalitetar, har han vist stor framgang med ballen beina også, seier Rekdal til Dagbladet.

Til avisa seier Heltne Nilsen sjølv at han gjerne vil vere på landslaget innan to år, og at det er noko som arbeider knallhardt for å oppnå. Voldingen har tidlegare ein kamp med flagget på brystet for U23-landslaget. Han er likevel ikkje heilt einig med trenaren sin.

- Eg har vel kanskje takla nivået steg for steg, men eg føler ikkje at eg har teke Tippeligaen med storm, seier Heltne Nilsen til Dagbladet.