Det vart 9-1-seier over Bjørn i den første kampen. Sogningane var ingen målestokk for vartdalingane som varta opp med god og angrepsvillig fotball. Dei sette også fart på lærkula då det vart 3-0-seier over Moster dagen etter. Bømlo-klubben hadde lite å stille opp med. Lom har også vunne sine to første kampar. Det indikerer at Vartdal vil gå vidare til a-sluttspelet uansett kva som skjer i den tredje og siste innleiande kampen. Vinn vartdalsjentene pulja si vert det 16.-delsfinale onsdag kveld. Om dei vert nummer to i gruppa så er dei klare for 32.-delsfinale onsdag morgon.

Sunniva Vartdal og lagvenninnene går for siger. Sunniva og Borghild Aarseth deler på å bere kapteinsbindet. Begge har vore viktige bidragsytarar til at det har vorte så god utteljing på Ekebergsletta. Men dei to sigrane og det vidare avansementet skuldast først og fremst den gode laginnsatsen. Det har vorte jobba hardt i alle ledd etter at dei sjekka inn på Abildsø og gjorde seg klare for verdas største fotballturnering.

Har nådd målet

– Vi hadde som mål å kvalifisere oss for a-sluttspelet då vi kom hit. Det har vi no klart. No handler det om å gjere ein best muleg figur i det gjævaste sluttspelet. Der er det mange gode lag. Derfor må vi både spele bra og ikkje minst ha marginane på vår side for å ha mulegheit til å ta oss vidare frå dei første rundane, sa Vartdal-jentene då seier nummer to var innkassert.

Trenar Svein Ivar Aarskog hadde all muleg grunn til å vere nøgd med prestasjonen. Han som har det sportslege ansvaret har begge beina planta på bakken. Svein Ivar veit at det er mykje som skal klaffe for at dei heng med utover i veka. Vartdal har også eitt G16-lag med. Dei har ikkje ein like god start som jentene. Det vart 4–4 mot Åndalsnes i opningskampen. Klubbens eldste tenåringar som er i aksjon i Norway, møtte Stegaberg tysdag kveld. Både G16- og J14-laget stiller med sjuarlag. Turneringa i hovudstaden er sommarens høgdepunkt på fotballfronten for begge laga.