For laga som deltek på Sæbø Cup er det viktig å slå dei lokale rivalane, i tillegg til å ha det kjekt sosialt. Normalt har fem lag vore med i cupen, men dei to siste åra har det vorte fire lag. I år er talet på deltakarlag utvida til seks, og Ørsta, Sæbø, Vartdal, Åmdal Hovdebygda og Volda 90 skal i aksjon på Sæbø stadion. Sæbø og Åmdal spelar opningskampen fredag.

– Med seks lag får vi til skikkeleg gruppespel og det vert då ei kjekkare turnering. Stig Bjørneset fortener litt skryt for å mobilisere eit lag frå Volda slik at vi vert seks lag. Gruppespelet startar fredag ettermiddag. Laurdag vert det sluttspel, finale og bankett, seier Tommy Riise Olsen som er ansvarleg for Sæbø Cup i år.

Prisar og tippekonkurranse

Tradisjonen tru vert det også i år delt ut prisar til spelarar som utmerkjer seg gjennom turneringa.

– Det vert pris for toppskårar og det vert ein topp tre på turneringa sine beste spelarar. I tillegg vert det ein pris for årets tippar. Vi skal ha ein liten stand på stadion der folk kan tippe kven som vinn turneringa, kven som vert toppskårar og kor mange mål denne spelarane skårar. Det kostar litt for å vere med i tippekonkurransen, og det vert også sal av mat og drikke under turneringa.

Bankett og premieutdeling

Banketten laurdag kveld vart ein suksess i fjor, men Riise Olsen har von om at enno fleire tek del i år.

– Hotellet kan ta imot 90 gjestar, og fjor var vi rundt 60. Eg satsar på at vi kryp oss opp mot 90 i år. Banketten er først og fremst for spelarane med følgje, men om det er fleire som ynskjer å vere med er det mulegheit for det. Eg vil også skryte litt av vartdalingane som stilte mannsterke opp på banketten i fjor, og eg oppmodar dei andre laga til å stille like sterkt i år, seier Riise Olsen.

– Lovar god stemning

Det er meldt godt vêr både fredag og laurdag, og alt ligg til rette for ei innhaldsrik turnerings på Sæbø stadion.

– Eg reknar med at det vert finvêr, og det brukar det alltid å vere på Sæbø cup. Eg vil ikkje love fin fotball, men det vert underhaldning og god stemning.